Vesleblakken.no
Denne websida tilhøyrar Inger Grønntun. Kontakt: ingergro@hotmail.com
|
|
|
|
|
|
|
|
Eit par ord om meg: Inger Grønntun, fødd 1973, busett i Naustdal i Sogn
og Fjordane, kjem opphaveleg frå Oslo. Fire born, jobbar som lærar i
vidaregåande skule, og er elles over snittet oppteken av hest. Har helde på
med fjordhest sidan 1982, og det er nok den rasen som ligg hjartet mitt
nærast, men eg er veldig glad i dei andre norske hesterasane også, og elles
hest generelt. Namnet på sida: Vesleblakken var eit fjordhestføl eg hadde på fôr (i lag
med mora Snøhvit), sommaren 1988. Det er han som er
på bileta på sida her. Snøhvit var ulsblakk, og det
same var far til følet, hingsten Kviten 1758, som eg hadde på fôr sommaren
1986. Vesleblakken var «blåøygd kvit», og ein
sjarmerande fyr. Denne fargen er i dag ikkje tilleten på norske hesterasar,
til trass for at den kan oppstå som ein kombinasjon mellom «lovlege» fargar. |
|
||
«Min
første barndomskjærlighet var en liten gulhvit folunge, som danset og
sprang fra morgen til kveld opp og ned i Søberglien
fra øverste toppen langs skigarden ned til allmannveien
og samme vei tilbake igjen uten stans i timesvis.
Av og til kunne den stoppe opp midt i bakken, snu seg og sende sin fine, kvirve knegg nedover mot Storblakken,
som gikk nede på flaten og gjorde seg tilgode; så
drog den på igjen. Denne folunge var begynnelsen til Vesleblakken»
(Jacob Breda Bull). I tillegg til
mi personlege «Vesleblakken-historie»
frå 1988, så kjenner sikkert dei
fleste forteljinga og songen
om den snille hesten som vart brukt til å hente
doktor til ein sjuk liten gut, men som sjølv ikkje overlevde. Dette var ei historie eg grein mykje av
då eg var liten, og som eg aldri gløymer. Her kan du lese heile forteljinga,
av Jacob Breda Bull: Vesleblakken |
|
||
|
|
||